om oss

Hallvar Djupvik

Fødd og oppvaksen i Tomrefjord. Etter si utdanning på Operaakademiet i København har han vore solist på Den Norske Opera og Ballett, gitarist og songar i bandet Polkabjørn og Kleine Heine og fått mange års erfaring som kyrkjesongar/musiker i Oslo.

 

No flyttar han basen sin til Møre og Romsdal og startar Djupvik Songformidling i 2020. Han held fram med arbeidet sitt som leiar av Musikkens Venner Tomrefjord.

2020 syng han også rollen som Ulrich Eisslinger i Mestersangerne fra Nürnberg på Den Norske Opera. 

Stephanie Lippert

Mezzosopran/visesongar frå Sverige som utdanna seg på Operaakademiet i København. Ho er frilans operasongar og har sunge roller i Norge, Danmark og Sverige. Stephanie har mange års erfaring som konsertsolist og kyrkjesongar. Ho har også mange års erfaring som songar i gravferd og bryllaup i Norge.

I 2020 flyttar ho til Tomrefjord og startar Djupvik Songformidling.