event

Vi har kontakt med songarar som er høgt utdanna i faget sitt.

Frå klassisk til rock.

 

Vi kan for eksempel hjelpe dykk med å finne songar som kan passe til alt frå bursdagsfest, eit julebord eller solist til ei klassisk messe. 

KONSERT

Vi har mange års erfaring med å sette saman konsertprogram, finne pianistar, orkester eller band som passar til dykkar ønske.

Vi kan skaffe musikarar og songarar om de har ønske om ein større eller mindre konsert. Er de for eksempel eit kor eller ein skule som har lyst til å synge med profesjonelle musikarar, kan de kontakte oss, så hjelper vi med å finne dei rette

utøvarane. 

FEST

Vi har sunge og spelt på alt frå oppvarming på stadionkonsertar for A-ha og Mods til firmafestar og operapub. Operasong er noko som mange sett pris på, og som kan framførast kvar som helst. Vi kan stille opp med piano, gitar eller trekkspel!

Om de ikkje har lyst på operasong, har vi musikarar som framfører alt ifrå jodling til pop. Iblant begge to samtidig. 

Vi kan òg arrangere heile festen med lokale, mat, bar, vakter og underhaldning.

JULEBORD

Vi veit at musikk kan forhøgja samhald og stemning i eit rom, og har erfaring med kva påverknad julesanger har på folk i den mørke vintertida. Vi kan skapa den riktige atmosfæren på juleborda deira.

 

Kanskje skal de avlysa årets julebord på grunn av korona-pandemien? Vi kan komma til kontoret eller kantina på arbeidsplassen deira og framføra julemusikk med enkle verkemiddel. Slik kan julestemningen blir tatt vare på trass i ei spesiell tid.